Her stjeler jeg rett og slett kommentaren hans i Stavanger Aftenblad 09.04.2015.
Oppfordrer naturligvis alle å følge hans skriverier og Twitter.
Kos deg med lesningen!
Brev frå ein upraktisk mann
Kven kom på tanken om at ein kontorist plutseleg skal bli tømrar eller murar
kvar gong det blir ferie?
KOMMENTAR
Jan Zahl
Kulturjournalist
DET VIRKA SOM EIN GOD IDÉ: Ved hjelp av svigerfars gamle jekk, ein stålbukk han har sveisa, eit tungt spett og diverse treklossar, hadde me fått løfta den tunge trebrygga ganske bra opp, men ikkje heilt på plass. Det vil seia: svigerfar hadde heist den vinterstormskadde brygga opp, mens mitt bidrag hadde vore å knekka ein tjukk planke svigerfar meinte eg aldri ville klara å knekka. Eg veit sjølvsagt ikkje om «planke» er rette ordet, eller om det er dette ein kallar ein «to-fir» eller noko sånt, men knakk gjorde han. Ja, og så hadde eg stått ein del og sett på, lurt på kva eg kunne gjera.
- Er du sikker på at det er ein god idé? sa svigerfar.
- Absolutt, sa eg.
SÅ KLATRA EG OVER,skjønte raskt at dette aldri kom til å gå, men svigerfar og eg talte til tre og tok tak. Dermed var årets første bad eit faktum, på sjølvaste påskeafta, mens brygga ramla ned, skeivare enn nokon gong.
Prøver eg meg ei sjeldan gong på noko praktisk, ender det alltid med at noko går i stykke.
- Går det bra, pappa? sa treåringen bekymra, mens eg vassa i land. Eg vil anslå at sjøen heldt rundt tre grader. Ho som liksom skal elska og æra meg i gode og vonde dagar, lo sånn at ho ikkje klarte å stå oppreist.
EG HUGSAR AT EG TENKTE på dette som guttunge og ungdom: Når er det eigentleg menn lærer seg alt dette praktiske dei steller med heile tida? Far min er pensjonert lektor, med hovudfag i norsk frå universitetet, altså ein teoretikar. Likevel var det alltid slik at kom det ei helg eller ein ferie, så skulle han ut og snikra, pussa eller beisa terrasse, hogga eller lø ved, måka snø, klyppa plen, grava i jorda eller pussa garasjedører. Men han er altså ingenting mot svigerfar på 78 år, den gamle smeden, som kan sveisa, byggja hytter og hus, fiksa motorar, fella tre, konstruera og rekonstruera brygger. Det aller kjekkaste han veit, er stein og betong. Og ei god slegge.
EG KAN INGEN AV DESSE TINGA. Tvert om: Prøver eg meg ein sjeldan gong på noko praktisk, ender det alltid med at noko går i stykke. Som då eg reiv av svigerfars pumpekonstruksjon i båten, sette fiskesnøret i propellen eller knakk takrenna i forsøket på å reinska henne for lauv. Eg er Per Ivar i TV Norge-serien «Neste sommer».
Ingen reknar med at snikkaren går heim og skriv kronikkar i pinsen. At elektrikaren blir samfunnsfagslærar i fellesferien.
Dermed gjer eg så lite praktisk arbeid som praktisk mulig. Og bryt dermed med førestellinga om kva ein Mann skal meistra, og med generasjonars oppfatning av maskulin arbeidsetikk. Sjølv syns eg tanken er bisarr: At ein mann idet han går heim frå kontorjobben plutseleg er forventa å meistra ein haug med andre, praktiske yrke, frå flislegging og maling til grunnleggjande tømring og muring. Mens det altså ikkje gjeld andre vegen. Ingen forventar at røyrleggjaren skal kunna bli hjernekirurg i påskeferien. Ingen reknar med at snikkaren går heim og skriv kronikkar i pinsen. At elektrikaren blir samfunnsfagslærar i fellesferien.
EG ER FAKTISK SÅ RAR at eg syns det er ein merkeleg tanke at feriar og fridagar skal brukast til jobb, til vedhogst, grøftegraving eller listing. Eg er løgnasen som har lyst å bruka feriane mine på å ha ferie. På å slappa av. På å gjera ingenting.
Mine meir praktisk anlagde vener plar seia at eg bare må kasta meg uti det; at eg kjem til å læra meg sparkling og mekking om eg bare prøver. Det er sånn menn er, liksom: «Dette kan eg ikkje, så då gjer eg det likevel.»
MEN KVIFOR I ALL VERDA skal eg gjera det? For det første kjem eg til å bruka ti gonger så lang tid som ein som kan det, mens resultatet vil bli halvparten så bra. (I mitt tilfelle blir noko mest sannsynleg øydelagt.) For det andre: Kvifor skal eg bruka tid, krefter og frustrasjon på å prøva å læra meg noko eg aldri blir god på – og som eg i tillegg ikkje er interessert i? Eg jo syns det er drepande kjedeleg å mala veggar eller hagegjerde, luka bed og lempa stein, og har jo inga interesse i å bli flink i det – slik at eg kan gjera meir av det.
Kva slag rollemodell må eg ha vore for den vesle mannen.
I staden er eg ein varm tilhengar av fagfolk og spesialisering. Eg har teke ei lang, teoretisk universitetsutdanning og har spesialisert meg i å skriva i avisa. Pengane eg tener på dette, kan eg blant anna bruka på å hyra inn fagfolk til å leggja opp elektriske anlegg eller nytt tak. Så kan dei eventuelt kjøpa avisa, om dei er interesserte i mine spesialitetar. Begge partar gjer det me er gode på. Begge partar får jobben gjort. Begge får betalt. Og så kan me ta ferie når det er ferie.
- GÅR DET BRA, PAPPA? Treåringen spurde igjen. Dei høge støvlane var fulle av iskaldt sjøvatn, og det hadde oppstått eit vakuum som gjorde at eg ikkje fekk dei av. Kva slag rollemodell må eg ha vore for den vesle mannen.
Ved sida av oss sto barnets mor. Ho lo så mykje at ho nesten ikkje klarte å fotografera. Men bare nesten.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Det kan jo hende at du er helt uenig i det jeg skriver, eller at du kjenner deg igjen? Legg igjen en liten kommentar da vel .